Stolt husleverandør

I namnet Byggenheim ligg det at vi ikkje berre bygger hus eller bustader. Med tryggleik og tillit vil vi vere med å bygge din heim. Vi har kontor i Fosnavåg i Herøy kommune.

Vi er forhandlar av Vestlandshus i kommunane: Herøy, Sande, Ulstein, Hareid, og Vanylven.

Byggeprosessen

Vi hjelper deg gjennom byggeprosessen; planlegging, søknader, materialval, koordinering av alle fag innan byggning og heilt fram til huset er klart for innflytting.

Vi gjer prosessen enklare for deg som kunde.

Oppfølging

Det er viktig for oss å vere ein aktiv og konstruktiv samarbeidspartnar for deg i byggeprosessen din. Uansett om du er fersk eller erfaren bustadbyggar, ønskjer vi å vere aktive for å sikre kvalitet i alle ledd og gi deg den trykkleiken du har behov for.

Ferdigstilling

Overtakinga er den store dagen! Då har vi felles synfaring med sluttkontroll. Du får ei brukarrettleiing til bustaden med dokumentasjon på produkta sine eigenskapar og bruksområde. Vi sørger for bruksløyvet du må ha før innflytting.

post@byggenheim.no
+47 479 80 050

Rådhusgata 3, 6090 Fosnavåg